Artikkelen er fra 2017, og innholdet kan være utdatert.

Det skal leggast såkalla geomembran-duk over delar av steindeponiet til prosjektet E39 Svegatjørn–Rådal i Hordnesskogen.

Det er planlagt å legge ut duk på kring 100 dekar av deponiet etterkvart som det er ferdig oppfylt med steinmassar frå tunnelar på vegprosjektet. Oppå duken blir det lagt finmasse og rein stein. Til slutt skal det leggast på jord. 

Ekstra kostnad

– Det blir ein betydeleg tilleggskostnad med utlegging av duken, seier prosjektleiar Sverre Ottesen i Statens vegvesen. Men som byggherre gjer vi sjølvsagt som vi har fått beskjed om frå miljøstyresmaktene. 

– Men eg er usikker på om nytten ved dette tiltaket står i høve til meirkostnaden med gjennomføringa, seier han.

Aktuelt for fylke(r): Vestland