Artikkelen er fra 2016, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen er i gang med spunting på E39 Svegatjørn–Rådal. I første omgang er det på Nordås i Bergen dette skjer.

Spuntinga skal stive opp byggegropa. På Nordås blir det brukt såkalla røyrspunt. Denne blir bora ned i fjellet. Ein annan spuntmetode er ramming, ein slags hamring. Uansett val av metode er dette eit arbeid som gir dels mykje støy.

Andre plassar vil det og bli aktuelt med sprenging av fjell. Også på Nordås og Sørås.

Arbeidet pågår frå kl. 07.00 til 19.00.

Anleggsarbeidet gir stenging av ei strekning på gang- og sykkelvegen på vestsida av Nordåsvegen. Anleggsdrifta blir etterkvart flytta over til austsida av vegen, mot rv. 580 Søndre innfartsåre i Bergen. Då blir også trafikken for gåande og syklande flytta til motsett side av Nordåsvegen.

Spunting vil og kome i gang på E39 Svegatjørn–Rådal i Os kommune. Det er i samband med brubygging ved Lyseklostervegen denne byggemetoden vil bli nytta.

Spunteriggen er inngjerda for å redusere støvplagen på Nordås i Bergen. ( Foto: Geir Brekke
Aktuelt for fylke(r): Vestland