Tar i bruk rundkøyring i E39 Veibustkrysset
Anleggsarbeida i E39 Veibustkrysset i Sula er kome godt i gang, og onsdag 17. desember blir trafikken ført over på ei midlertidig rundkøyring.
- Arbeidet har så langt gått etter planen. Vår entreprenør, Busengdal AS, har plassert mykje kortreist stein frå Kongshaugstranda kloakkrenseanlegg, for å bygge omkøyringsveg langs E39. Dette kjem til nytte i neste fase til våren, seier byggeleiar Ingar Walbø i Statens vegvesen.
Trafikken gjennom Veibustkrysset på E39 rett sør for Ålesund vil gå på den nye rundkøyringa fram til månadsskiftet april/mai. Då vil det bli ei ny endring i køyremønsteret.
Hovudentreprisen i Veibustkrysset starta opp i byrjinga av november, og med ein mild desember såg entreprenøren ein moglegheit til å etablere rundkøyringa allereie no før jul.
- Det er mykje anleggstrafikk i området no, og ein rundkøyring vil betre trafikktryggleiken i anleggsfasen for alle trafikantar. Folk må vere merksame på endra køyremønster og sette ned farten slik det er skilta, seier Walbø.
På nyåret skal entreprenøren starte med å sprenge ut fjell sør for E39, for å gjere plass til nye av- og påkøyringsramper og bygge opp ny omkøyringsveg på sørsida av eksisterande veg.