Statens vegvesen utvidar plangrensa i sjø for E39 Vestnes ferjekai for å sikre trygg manøvrering og god beredskap i framtida.

Illustrasjon viser plangrense november 2025.
Plangrense november 2025. Illustrasjon: Statens vegvesen.

Statens vegvesen har etter grundige vurderingar bestemt å utvide plangrensa i sjø for prosjektet E39 Vestnes ferjekai og landområde. 

Endringa kjem etter at det er avdekt behov for meir areal, både i anleggs- og driftsfasen, og for å sikre trygg og effektiv ferjedrift.

Den nye plangrensa tek omsyn til manøvreringsareal for ferjene og beredskap i driftsfasen, spesielt sidan området kan vere utsett for sterk vind frå nordvest. Ei sikkerheitssone på 500 meter frå ny kai er lagt inn.

Endringa er tiltenkt reguleringsformål Ferdsel (FE), med omsynssone. Aktuelle partar er varsla i samråd med Vestnes kommune, og det er no avgrensa høyring på den utvida delen.

Høyringsfrist er 10. desember 2025. Merknader kan sendast til eller Statens vegvesen, postboks 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer (merk 23/19719).