Artikkelen er fra 2011, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen har fått i oppdrag frå Samferdsledepartementet å starte opp eit utgreiingsprosjekt om vegen E39, som går langs kysten frå Kristiansand til Trondheim.

Prosjektet starta opp vinteren 2011 og 1. mars starta tidlegare regionvegsjef Olav Ellevset opp som prosjektleiar for heile utgreiingsprosjektet.

Statens vegvesen arrangerte saman med Vestlandsrådet ein eigen oppstartskonferanse for Ferjefri E39 i Stavanger den 25.mars. Under konferansen utvida samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa bestillinga frå departementet og hovudprosjektet er som følgje av det delt inn i fire delprosjekt.

Samfunn
Ein delen av prosjektet er å få fram kva for potensiale ein ferjefri E39 har for næringsliv og for tilhøyrande bu- og arbeidsregionar.  Gjennom dette har Statens vegvesen fått i oppdrag og setje søkelyset på relevante effekt berekningar og metodar som kan vise kva for potensiale som ligg i endringar av reisemønster.  Her vil det vere aktuelt å få fram langsiktige effektar og gjerne få fram internasjonale studiar som det er relevant og samanlikne seg med. Dette delprosjektet skal leiast av Region midt.

Fjordkryssing
Den andre delen av prosjektet er å vurdere dei teknologiske løysingane for fjordkryssingane. Prosjektet gjeld E39 som går som ei hovudfartsåre langs kysten frå Kristiansand til Trondheim.  På strekninga er det åtte fjordkryssingar som skal løysast.  Arbeidet er allereie godt i gang og det er gjennomført eit studie på kva som er mogeleg å få til reint teknologisk. Det vidare arbeidet vil byggje på dette studiet. Dette delprosjektet skal leiast av Region vest.

Energi
Tredje del av prosjektet skal vere å vurdere korleis tekniske anlegg for fjordkryssingane kan nyttast for å utvinne kraft frå straum, bølgjer og vind. Her vil det vere naturleg og sjå fjordkryssingar og elvekryssingar i eitt for å sikre heilskapen i arbeidet. Dette delprosjektet skal leiast av TMT (Trafikksikkerhet, miljø og teknologi) i Vegdirektoratet.

Kontraktsformer og strategiar
Fjerde og siste delelement av prosjektet går ut på å vurdere kva for type gjennomføringsstrategiar og kontraktsformer som vil vere best eigna til å gjennomføre slike store prosjekt med så stort omfang. Her skal det mellom anna vurderast om det internasjonalt, eller i oljesektoren er nytta tilnærmingar som med tilpassingar kan vere aktuelt å bruke på eit slikt landprosjekt. Dette delprosjektet skal leiast av veg – og transportavdelinga i Vegdirektoratet.

Statens vegvesen vil gjennom heile dette utgreiingsprosjektet måtte skape, og kontinuerleg vidareutvikle grensesprengande kunnskap for å kunne realisere eit prosjekt med slikt omfang.

Dette er ynskjeleg å få til både gjennom tett samarbeid med eksterne aktørar, og ved å sikre eigen kompetanseutvikling.

Aktuelt for fylke(r): Agder, Vestland, Møre og Romsdal, Rogaland, Trøndelag