Planarbeidet for Kyrkjevegen er i gang, og det skal utarbeidast detaljreguleringsplan i løpet av 2020.

Det er stor gang- og sykkeltrafikk langs Kyrkjevegen. I tillegg til tilkomst til og frå bustadområda,  er det mange som nyttar vegen for å komme til  Førde barneskule, Førde ungdomsskule, Kulturskulen, ungdomshuset Skrivarløa, Prestebakken barnehage og Solsida barnehage,  Førde kyrkje og  Kyrkjelydshuset.

IMG_7897IMG_7897

Planarbeidet gjeld ei lengre strekning - frå Angedalsvegen til og med Elstervegen /Helsetunet. Ein kan då planlegge samanhengande løysing på heile strekninga,  forbi kyrkja og ned til Elstervegen /Helsetunet der Kyrkjevegen kryssar tiltak 16 i Førdepakken (gang- og sykkelveg til mellom Førdehuset og  Naustdalsvegen).

Formål med planen er å betre tilhøva for mjuke trafikantar ved å regulere areal for fortau langs Kyrkjevegen. Strekninga vert frå Angedalsvegen og til Elstervegen slik at det vert god samanheng med det som er det bygd i tiltak 16, sykkelveg/fortau frå Førdehuset til rv.5 . Når reguleringsplanen er vedteken skal den realiserast med bygging av køyrevegen og fortauet. Det skal leggast til rette for fleire gode kryssingspunkt over Kyrkjevegen. Strekninga er ca. 870 meter.

IMG_7952IMG_7952