E16 Filefjell: Ny veg tek form ved Øye
På delstrekning Øye-Eidsbru er no bru og tunnel byrja å ta form, og store masseflyttingar er gjort i dagsona.
- Den andre av åtte etappar med dekkestøyp på Strondafjordbrune vart gjort fredag, og me er kome langt med arbeidet i lia over Øye. Det er kjekt å sjå at innsatsen her på Filefjell byrjar å vise att i terrenget, seier prosjektleiar Wolfgang Mysliwietz i Strabag.
Han er leiar for den austerrikske entreprenøren sitt første solo-prosjekt i Norge. Utanfor kontorvinduet på Eidsbru kan han no sjå ut over ein 210 meter lang bru som verkeleg er i ferd med å ta form, og ein tunnel som no snart er kome 350 meter inn i fjellet.
Også tunneldrift frå aust
Den drøyt 4 kilometer lange strekninga Øye-Eidsbru er kontrakten lengst aust på E16 Filefjell. Rundt to kilometer av vegen går gjennom Rødølstunnelen som no er under bygging.
- Tunnelarbeidet har gått saktare enn både me og byggherre hadde sett for oss, mellom anna grunna utfordrande geologi. Men no har me jobba oss fram til austre påhogg til tunnelen, og der vil me starte tunneldriving i mai eller juni, slik at me då får drift frå begge endar. Då vil me kunne ta igjen ein del av forseinkinga på tunnelen, seier Mysliwietz.
Rundt juletider kom tunneldrivarane inn i ei sone med lausmassar, og sakte framdrift, sementinjisering og mykje bolting måtte til for å løyse problemet.
- Me hadde eit godt samarbeid med byggherre og ekstern geolog som tok tredjepartskontroll, og eg er stolt over at me kom gjennom den vanskelege sona utan uønska hendingar, seier Mysliwietz.
Store masseflyttingar
Byggeleiar Stein Henry Øvstetun i Statens vegvesen seier det no er greve ut rundt 60.000 kubikkmeter med morenemassar ved austre påhogg til Rødølstunnelen, og massane er lagt i deponi like ved. I tillegg til eigne maskinar, har Strabag leid inn Fosse Maskin frå Vik i Sogn som underentreprenør på graving og masseflytting, og Vestfold Fjellboring har stått for boring og sprenging ute i terrenget. Mellom anna er det sprengt ut ein stor fjellskjering som er rundt 18 meter høg på det meste. No skal dei starte å sprenge austre forskjering til Rødølstunnelen.
Seinare i år skal Strabag bygge ein 150 meter lang betongportal på austsida av tunnelen, før opplagra morenemasse skal flyttast tilbake oppå portalen.
- Framdrifta på veg i dagen og bru er gått fint. No ser me fram til å få tunneldriving også frå austsida av Rødølstunnelen, slik at tunnelarbeidet vil gå kjappare, seier byggeleiar Stein Henry Øvstetun i Statens vegvesen.
Wolfgang Mysliwietz seier at dei har fått ein organisasjon som fungerer godt på Filefjell-anlegget.
- Me brukte litt tid for å få teamet på plass, men no er me ein gjeng som fungerer godt i lag, trivest på jobb og er engasjerte, seier Mysliwietz.
-
Bilde 1 av 10: Byggeleiar Stein Henry Øvstetun (t.v.) frå Statens vegvesen og prosjektleiar Wolfgang Mysliwietz i Strabag foran Strondafjordbrune som no er under arbeid. Foto: Ole Kristian Åset -
Bilde 2 av 10: Frå Støyping av andre etappe av dekket på Strondafjordbrune. Foto: Harald Berstad -
Bilde 3 av 10: Stor støyp på brua. Foto: Harald Berstad -
Bilde 4 av 10: Betongen vert pumpa opp i forma. Foto: Harald Berstad -
Bilde 5 av 10: Harald Berstad er teknisk byggeleiar på konstruksjonar ved E16 Filefjell. Foto: Ole Kristian Åset -
Bilde 6 av 10: På Strondafjordbrune: Kjell Kleiven (t.v.) og Teshome Michael frå Vegvesenet saman med Hans Kristian Øygarden frå Strabag. Foto: Ole Kristian Åset -
Bilde 7 av 10: Når brureisen vert flytta til neste etappe, ser ein den fine undersida på bua som tek form. Her er første etappe av brudekket støypt, inn mot tunnelen. Foto: Ole Kristian Åset -
Bilde 8 av 10: Entreprenøren har no gravd seg fram til fjell der austre påhogg til Rødølstunnelen skal koma. No startar boring og sprenging av forskjeringa. Foto: Ole Kristian Åset -
Bilde 9 av 10: Noko i nærheiten av dette vil bli utsikta når ein i framtida kjem ut av Rødølstunnelen på veg austover på E16. Foto: Ole Kristian Åset -
Bilde 10 av 10: Arbeidet med Rødølstunnelen går jamt framover, her foregår utlasting etter ei salve. Foto: Ole Kristian Åset