Ny stenging på E16 Bergen-Voss 20. september
Laurdag 20. september blir det ny portal-støyp på Dalseidtunnelen. Dette betyr at E16 vert stengd i litt over eit døgn frå laurdag morgon.
- Støypejobben på siste etappe gjekk etter planen, og trafikkavviklinga gjekk noko betre enn første helgen. No er me klare til nok ein stor støyp, seier prosjektleiar Eirik Matre Røthe i Statens vegvesen.
E16 blir stengd ved Dalseidtunnelen frå kl 07.00 på morgonen laurdag 20. september og fram til klokka 12.00 søndag føremiddag.
Omkøyring for gjennomgåande trafikk blir via Hardanger på fv. 49, fv. 79 og rv. 13 på ruta Trengereid – Norheimsund - Granvin.
Slik som sist, må europavegen haldast stengd medan betongen går i forma og det herdar. Tunnelen vil vere stengd for all trafikk, utanom utrykkingskøyretøy i aktiv utrykning.
Vegvesenet skal ha trafikkdirigentar på Voss og i Trengereid for å sikre at gjennomgåande trafikk kjem inn på omkøyringsruta. Fylkeskommunen vil også ha trafikkvakter som følgjer med på trafikken, og set i gang dirigering ved behov.
Rassikring
Den nye portalen på Dalseidtunnelen skal sikre trafikantane mot steinnedfall ved tunnelmunninga, då berget er svært bratt der tunnelen kjem ut på vestsida. Portalen blir bygd med ekstra mykje armeringsstål, for at den skal vere svært solid. Det vil også komme eit gruslag på mellom 2,5 og 4 meter oppå portalen, som skal dempe og spreie kreftene frå eit eventuelt steinnedfall frå stor høgde.
I dei fem tunnelane rundt Dale har det vore omfattande gravearbeid, for å få på plass nye røyr og leidningar. Det er installert nye nødtelefonar, kameraovervaking, ny belysning, nye vifter, sendarar for DAB-radio og naudnett. Mesta er hovudentreprenør på arbeidet. Oppgraderinga gir trafikantane betre og sikrare framkomst på denne delen av E16. Forlenging og forsterking av portalen på Dalseid er siste del av arbeidet. Sjølve betongarbeidet er planlagt ferdigstilt i haust, medan omfyllingsarbeidet er planlagt utført våren 2026.