E16 vert stengd ved Dalseidtunnelen laurdag 16. august kl. 06.00 og i litt over eitt døgn. Ein ny del av rassikrings-portalen på tunnelen skal støypast.

Tunnelen bli stengt frå klokka 06.00 laurdag 16. august og fram til ca. kl. 12.00 søndag føremiddag.

Omkøyring for gjennomgåande trafikk blir via Hardanger på fv. 49, fv. 79 og rv. 13 på ruta Trengereid – Norheimsund - Granvin.

Biletet viser støyp av ein tidlegare seksjon på den lange portalen til Dalseidtunnelen. Trafikken kan ikkje gå gjennom portalen medan støyping og herding pågår.
Biletet viser støyp av ein tidlegare seksjon på den lange portalen til Dalseidtunnelen. Trafikken kan ikkje gå gjennom portalen medan støyping og herding pågår. Foto: Statens vegvesen

 - Ein ny seksjon av portalen skal støypast, og medan betongen går i forma og det herdar, kan me ikkje ha trafikk på dette strekket av E16. Tunnelen vil vere stengt for all trafikk, utanom utrykkingskøyretøy i aktiv utrykning. Me har lagt arbeidet til ein laurdag, for å gje minst muleg heft for trafikantane, seier prosjektleiar Eirik Matre Røthe i Statens vegvesen.

Dirigentar ute

Vegvesenet skal ha trafikkdirigentar på Voss og i Trengereid for å sikre at gjennomgåande trafikk kjem inn på omkøyringsruta. Fylkeskommunen vil også ha trafikkvakter som følgjer med på trafikken, og iverkset dirigering ved behov.

Den nye portalen på Dalseidtunnelen skal sikre trafikantane mot steinnedfall ved tunnelmunninga, då berget er svært bratt der tunnelen kjem ut på vestsida. Portalen blir bygd med ekstra mykje armeringsstål, for at den skal vere svært solid. Det vil også komme eit gruslag på mellom 2,5 og 4 meter oppå portalen, som skal dempe og spreie kreftene frå eit eventuelt steinnedfall frå stor høgde.

E16 blir stengt rett vest for Dalseidtunnelen.
E16 blir stengt rett vest for Dalseidtunnelen. Foto: Statens vegvesen

Blir ferdig i haust

I dei fem tunnelane rundt Dale har det vore omfattande gravearbeid, for å få på plass nye røyr og leidningar. Det er installert nye nødtelefonar, kameraovervaking, ny belysning, nye vifter, sendarar for DAB-radio og naudnett. Arbeidet inne i dei fem tunnelane er ferdig, og det nye ustyret er satt i drift.

Oppgraderinga gir trafikantane betre og sikrare framkomst på denne delen av E16. Arbeidet med forlenging og forsterking av portalen på Dalseid er siste del av arbeidet. Betongarbeidet er planlagt ferdigstilt i haust, medan omfyllingsarbeidet er planlagt utført våren 2026. Mesta er hovudentreprenør på arbeidet.

Oppdatert info om stenginga blir lagt ut på 175.no i løpet av den aktuelle helga.

Aktuelt for fylke(r): Vestland