E16 Lærdalstunnelen
Hva?
Lærdalstunnelen er 24,5 km lang, og vart opna i november 2000. Tunnelen er den lengste vegtunnelen i verda, og han skal no oppgraderast for å oppfylle dagens tryggingskrav.
Hvorfor?
Sidan 2015 har Statens vegvesen oppgradert riksvegtunnelar i heile landet. Det skal gi betre branntryggleik, styringssystem og andre tryggingstiltak. Lærdalstunnelen har passert 25 år og er moden for oppgradering.
Kart
Framdrift
Sidan 2015 har Statens vegvesen arbeidd med oppgradering av 200 riksvegtunnelar i heile landet. Målet er å innfri krava i tunneltryggleiksforskrifta.
Statens vegvesen lyste ut arbeidet med å oppgradere verdas lengste vegtunnel i oktober 2025. Fire sekskap har forespurt å vera med på konkurransen.
Oppgradering av E16 Lærdalstunnelen startar sommaren 2026.
Tunnelen er planlagt nattestengd medan arbeidet pågår, med gjennomkøyring med buss til gitte tider for å sikre transport av folk mellom dei to kommunane. Uttrykkingskøyretøy og legevakt får eigne ordningar for å sleppe igjennom.
På grunn av store spenningar i berget, vil arbeidet med tunnelen bli særleg krevjande. Når dei tyngste arbeida med sprenging og sikring er utførd, vil det vere mogleg å sleppe noko meir trafikk gjennom tunnelen sjølv om det pågår arbeid på natt.
Arbeidene vil pågå frem til 2030/31.
Aktuelt
-
Tre entreprenørar med i konkurransen
— AF Gruppen, OneCO Infra og arbeidsfellesskapet Skanska og Vassbakk & Stol er med i konkurransen om å oppgradere E16 Lærdalstunnelen.
-
Lyser ut verdas lengste tunneloppgradering
— Statens vegvesen lyser ut arbeidet med å oppgradere verdas lengste vegtunnel, Lærdalstunnelen på 24,5 km. Første frist for entreprenørar er 17. november.
-
Kolonneplass i Aurland på høyring
— Kolonneoppstillingsplass langs E16 i Aurland er ute på høyring med frist 12. april. Dette er ein del av førebuinga til oppgradering av Lærdalstunnelen.
Fakta og nøkkeltall
- Lengde:
- 24,5 km
- Oppstart:
- Høst 2026
- Antatt åpnet:
- 2031
Mer om prosjektet
Lærdalstunnelen er verdas lengste vegtunnel med ei lengde på 24509 meter. Tunnelen stod ferdig i 2000 og inngår i TEN-T vegnettet. Den gjennomsnittlege døgntrafikken for tunnelen er ca. 2100 kjøretøy, med ein tungtrafikkandel på 26 %.
Arbeida i tunnelen omfattar mellom anna:
- Bygging av nye tekniske bygg i tunnel – 28 stk. i alt
- Sprenging og sikring av bergromma for desse bygga
- Etablering av havarilommer ved alle tekniske bygg
- Utviding av snunisjer i tunnelen
- Naudskåp med telefon og brannslokkarar for kvar 250 meter
- Kameraovervakning
- DAB-radio med moglegheit for innsnakk
- Nye bommar og skilt
- Ny belysning og naudlys
- Naudnett
- Ny og forbetra ventilasjon i tunnelløpet
- Nye avtrekksvifter for utlufting til Tynjadalen
- Rensebasseng for vaskevatn og utskilling av giftig og brannfarleg væskeI
I Lærdal kommune er reguleringsplan for masselagring godkjend, og ein jobbar med reguleringsplan på Aurland-sida. Det er ei målsetting at massane skal kunne brukast og forvaltast av kommunane i åra framover.
Utlysning av oppgraderingsjobben gjekk ut hausten 2025, og arbeidet har planlagt oppstart hausten 2026.