Klage gir forseinka oppstart for oppgradering av Lærdalstunnelen
Oppgraderinga av E16 Lærdalstunnelen blir forseinka grunna klage frå ein av entreprenørane. Saka skal avgjerast i retten i slutten av august.
I midten av juni meldte Statens vegvesen at arbeidsfellesskapet Skanska og Vassbakk & Stol var tildelt arbeidet med å oppgradere Lærdalstunnelen. Men entreprenøren OneCo Infra som kom på andreplass i konkurransen klaga på tildelinga, og kravde etter kvart midlertidig forføying. Det betyr at kontraktsignering må vente til etter at klagen er handsama i retten, og ferieavvikling har gjort at dette har tatt ein del veker ekstra.
- Saka skal opp for Oslo Tingrett 24. august. Inntil saka er handsama og me har fått svar, er det usikkert når me kan kome i gang med oppgradering av tunnelen, seier prosjektleiar Susanne Svardal i Statens vegvesen.
Oppstart blir utsett
Utfallet i retten vil avgjere kor mykje forseinking denne ekstra runden fører til. Opphaveleg var planen å starte arbeidet i tunnelen tidleg i september, men slik det ser ut no, kan arbeidet tidlegast kome i gang i november.
Klagebehandlinga vil skyve heile prosjektet ut i tid, slik at sluttdatoen for oppgraderinga også blir flytta tilsvarande.