Det skal byggast ny gang- og sykkelveg nord for E39 mellom rundkøyringane på Hafstadflata. Fotgjengarar og syklistar som skal frå Brulandsvellene til sentrum slepp dermed å krysse E39. Prosjektet inneheld òg bygging av to kryss med svingefelt. Vegen skal hevast med om lag 80 cm for å ta omsyn til flaum.

Tiltaka er førebels kostnadsrekna til 45 mill. kr. (2012). Dei vil gå utanfor eksisterande reguleringsplanar, og ny reguleringsplan er no utarbeidd.

Reguleringsplanen for tiltaka vart samrøystes vedteken av bystyret i Førde 28. september 2017.

Det er bestemt at desse tiltaka skal byggast saman med tiltak 10. Det var oppstart på anleggsarbeidet i februar 2019, tiltaka skal stå ferdige innan sommaren 2020.

Førdepakken, E39 Hafstad
Det blir bygd ny gang- og sykkelveg herfrå til rundkjøringa ved REMA 1000. Foto: Ingar Hals