Artikkelen er over to år gammel, og innholdet kan være utdatert.

Kven har behov? Kva er det behov for? Kva er dei viktigaste behova? Prosjektgruppa i KVU Nord-Noreg jobbar nå aktivt med behovsanalysen.

Arbeidet med konseptvalutgreiinga for transportløysningar i Nord-Noreg, KVU Nord-Noreg for å gjera det enkelt, går stadig framover. I desse dagar er det behovsanalysen det vert jobba mest med.

- Behovsanalysen er ein viktig del av alle KVU-prosessar, seier prosjektleiar Signe Eikenes.

Signe Eikenes
Signe Eikenes. Foto: Silje Christine Alvsaker, Statens vegvesen

- Transportbehov finst på fleire nivå: Nasjonale og regionale behov, ulike interessegrupper sine behov, næringslivet sine behov og private brukarar sine behov. Oppgåva vår er å finne fram til dei ulike interessentgruppene og behova deira, forklarar Eikenes.

Ulike brukarar av transportsystemet – ulike behov

Ho legg til at det er viktig at behova blir fanga opp og skildra nokså nøye, og brukar eit eksempel for å forklare:

- Lat oss seia at ein fisk skal transporterast frå Nord-Noreg til marknaden: Kva behov har då dei ulike ledda frå fangst til middagsbordet? Den som sel fisken har sine behov, den som kjøper fisken eit anna, og den som transporterer fisken kan ha andre behov igjen. Slike problemstillingar diskuterer vi i KVU-prosjektet akkurat nå. Og sjølvsagt ikkje berre for fiskeri- og sjømatnæringa, men for ei lang rekke næringar, i tillegg til dagpendlarar, vekependlarar, skuleelevar, sjukehuspasientar, reindrifta, kollektivreisande, turistar og mange andre.

Frå kyst til marknad

Fylkeskommunene i landsdelen har ein felles samferdselsstrategi: «Frå kyst til marknad».

- Denne strategien gjev føringar for vår diskusjon om behov. Vi ser også at enkelte næringar har samansette transportbehov, der fleire transportformer er involvert. Ei bedrift får kanskje råvarene sine på vegen, medan kompetansearbeidskraft til drifta blir flydd inn frå andre kantar av landet eller frå utlandet, og produkta deira til slutt blir skipa ut sjøvegen. Andre gonger kan det vera snakk om «intermodale transportar», altså at same transport nyttar seg av fleire transportformer.

- Korleis skaffar de dykk kunnskap om alt dette?

- Vi har samla ei lang rekke kunnskapsrike folk på verkstadar i Alta og på Mo. Der var det deltakarar frå regionråda, fylkeskommunane, næringsliv og organisasjonar, i tillegg til alle dei statlege transportetatane. Vi har også hatt digitale verkstadar med kommunane i landsdelen, der dei har fått koma fram med sine ynskje og behov for framtidas transportløysingar, sier Signe Eikenes.

- Vi er opptekne av å fange opp behova til alle brukarar og interessenter. Deretter må vi vurdere kva som er dei viktigaste behova.

Samarbeid mellom transportetatane

Det ligg informasjon om dei ulike verkstadane på nettsida til KVU Nord-Noreg.
KVU Nord-Noreg skal vera ferdig i sommaren 2023. Det er Samferdsledepartementet har gjeve Statens vegvesen i oppdrag å leie arbeidet med konseptvalutgreiinga. Utgreiinga konsetrerer seg om dei lange transportstrekningane, og omfattar alle transportformer. Arbeidet skjer i nært samarbeid med Jernbanedirektoratet, Avinor og Kystverket.

Aktuelt for fylke(r): Troms og Finnmark, Nordland