Sjekkar hus

Statens vegvesen tek omsyn og prøver å gjere risikoen for skader så liten som mogleg, men vi kan sjølvsagt ikkje garantere at skader ikkje oppstår.

Vi kjem til å gjennomføre ein kontroll etter at alt sprengingsarbeidet er ferdig. I praksis betyr det at vi kontrollerer alle eigedommar kor det er meldt om skader undervegs i prosjektet.

I denne kontrollen blir det vurdert om skadane skuldast arbeidet i regi av Statens vegvesen. Vi har leigd eit firma til å utføre jobben. Dei gjer ei objektiv og uavhengig vurdering av skadane som er meldt.

Kontrollen blir oppsummert i ein skriftleg rapport, som huseigar får tilsendt. I rapporten står også ei vurdering som seier om det er grunnlag for erstatning.

Korleis melder du ein skade?

Send epost til , så sender vi eit skjema du må fylle ut.

Du kan også ringe nabokontakten for Eiganestunnelen, Ryfylketunnelen og Hundvågtunnelen inklusiv Storhaug, på telefon 482 10 436.