Anleggsarbeid vil gi køar gjennom Sandviken og på E39
Frå og med 25. november blir det innsnevring til eit køyrefelt langs Reperbanen i Sandviken. Statens vegvesen anbefaler å la bilen stå og berekne god tid.
Dei kommande vekene vil det vere eit ope køyrefelt langs Reperbanen på fylkesveg 577 i Sandviken. Det vil bli tatt i bruk manuell dirigering i rushtid med prioritering av trafikk frå E39, og lysregulering utanfor rushtid.
– Det vil bli lengre køar i rushtida. Vi oppfordrar alle til å berekne god tid, vurdere om det er mogleg å bruke alternative reisemåtar, eller å ta i bruk alternativ rute via Fløyfjelltunnelen, seier Bjørn Rusten Lundberg, byggeleiar i Statens vegvesen.
Strekninga med eit køyrefelt vil bli etablert ved den nordlege enden av Reperbanen tirsdag 25. november klokka 09:00. Behovet for innsnevring til eit køyrefelt skuldast at det trengs ekstra plass ved montering av nye vatn- og avløpskummar. Det skal gravast grøfter med over 3 meters djupne tett på vegen, og for å ivareta sikkerheita til arbeidarar og trafikantar er det derfor naudsynt å stenge eit av køyrefelta.
Om prosjektet
Statens vegvesen signerte i februar 2024 kontrakt med Vassbakk & Stol for bygging av sykkelstamveg på den drygt to kilometer lange strekninga. Dagens sykkelfelt blir bygd om til sykkelveg atskilt frå biltrafikken. Det har vore fleire trafikkulykker på strekninga, spesielt ved Gjensidigekrysset. Den nye sykkelstamvegen vil gi både syklistar og gåande ei meir trafikksikker løysing.
Strekninga Bradbenken-Sandvikstorget stod ferdig hausten 2025, mens den nordlegaste delen frå Sandvikstorget til Glass Knag skal vere ferdig i 2026. Prosjektet er finansiert gjennom Miljøløftet.
Kontaktperson:
Bjørn Rusten Lundberg
Byggeleder Statens vegvesen
Mobil: +4797422488
E-post: bjorn.rusten.lundberg@vegvesen.no