Artikkelen er fra 2014, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen bygde i oktober ein fire meter høg fylling av steinmassar i sjøen innerst i Sømmevågen. Denne veka starta arbeidet med å fjerne fyllinga.

Fyllinga er godt synleg frå Flyplassvegen i Sømmevågen. I løpet av juni skal all steinen vekk.

– Vi ser nå at fyllinga har gjort jobben sin, seier prosjektleiar Odd-Magnar Nerland. Hensikta med fyllinga var at grunnen skulle ‘setja seg’, eller sige, slik at den skal tåle belastinga som den framtidige vegen kjem til å gje. Nå har grunnen sett seg, seier Nerland.

Prosjekleiaren forklarar kvifor det er viktig at fyllinga har ligge der det siste halvåret:

– På den måten unngår vi at vegen synker saman når vi startar bygginga, seier han.

Under den fire meter høge steinfyllinga, på sjøbotnen ligg ein duk med som inneheld armering. Sjå bilete frå arbeidet med duken her .

Hovudarbeidet med å bygge ny firefelts veg i Sømmevågen og til flyplassen startar truleg i august.

Les meir om prosjektet her .

Fylling langs vegen i Sømmevågen
Arbeidet med å fjerne steinfyllinga starta denne veka. Foto: Undi Torstensen
Aktuelt for fylke(r): Rogaland