Artikkelen er fra 2014, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen har fått inn fire tilbod på bygging av firefeltsveg i Sømmevågen og til Stavanger lufthavn, Sola.

Prosjektet heiter Rv. 509 Sømmevågen vest og Flyplassvegen , og inneber mellom anna utviding av riksvegen mot flyplassen og eit toplanskyss i Sømmevågen.

Det er Risa som har det lågaste tilbodet, på nær 324 millionar kroner. Dei tre andre som leverte tilbod er Vassbakk og Stol AS, Arbeidsfelleskap Kruse Smith Entreprenør og Bjelland AS og Stangeland Maskin AS.

– Vi er nøgd med prisnivået på tilboda, seier prosjektleiar Odd-Magnar Nerland. Nå må vi rekne på om prisane er rette.

Nerland og resten av prosjektleiinga skal nytte neste veke til å kontrollrekna tilboda, før dei innstiller den entreprenøren som ligg lågast. Tilbodet skal deretter behandlast i anbodsnemda.

– Vi tar sikte på å skrive kontrakt i midten av juni, forteller Nerland. Då blir det truleg byggestart i Sømmevågen i august.

Utklipp fra protokoll tilbudsåpning rv. 509 Sømmevågen og Flyplassvegen
Utdrag frå protokoll ved tilbodsopning 16. mai 2014
Aktuelt for fylke(r): Rogaland