Artikkelen er fra 2014, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen skal bygge nytt toplanskryss i Sømmevågen vest og utvide Tanangerveien mellom Sømmevågen og Sømme i Sola. I tillegg skal Flyplassvegen utvidast frå Sentrumsvegen fram til rundkjøringa ved Nordsjøvegen i sør. Arbeidet blei lyst ut på anbod torsdag.

– Frist for å levere tilbod på jobben med prosjektet Rv. 509 Sømmevågen vest og Flyplassvegen er 16. mai, seier prosjekleiar i Statens vegvesen, Odd-Magnar Nerland.

Oppstart i august

Nerland ser for seg at det blir mogleg å skrive kontrakt i midten av juni med den entreprenøren som blir valt, slik at arbeidet i vegen kan starte i august. 
– Heile prosjektet skal stå ferdig i mai 2017, opplysar prosjektleiaren.

Kva skal byggast?

I tillegg til nytt toplanskryss skal Statens vegvesen utvide Tanangerveien mellom Sømmevågen og Sømme i Sola, og utvide Flyplassvegen på strekninga mellom Sentrumsvegen og rundkjøringa ved Nordsjøvegen i sør. Det blir bygt to nye bruer, to store undergangar og éin kanal til Solabekken. Undergangen ved enden av Solasplitten blir forlenga. Det kjem også nye tilkomstvegar, og to nye rundkøyringar. Langsmed store delar av vegen kjem det også støyskjerming.

Verre før det blir betre

Det overordna målet i prosjektet er å betre kapasitet og framkomst for trafikantar langs riksveg 509 og gjennom krysset i Sømmevågen vest.

– I byggeperioden kjem trafikantane til å merke at det er vegarbeid på gang, seier Nerland. Han trur likevel at trafikken i området skal gå greit.

Spent på tilbod

– Vi er sjølvsagt spente på kven som får jobben med å bygge alt dette, seier Nerland. Arbeidet blir lyst ut internasjonalt. Difor må alle papira oversetjast til engelsk, og blir ikkje å finna i den internasjonale prosjektdatabasen TED (Tenders Electronic Daily) før den 31. mars, trur han.

Aktivitet før sommaren også

Folk kjem til å sjå arbeid i området langsmed vegen også før sommaren. Arkeologar frå Arkeologisk museum har allereie starta utgravingar i eit område vest for Flyplassvegen.
– I tillegg skal vi rive eit bygg, Avinors Hangar 8, forklarar Nerland.
Den fire meter høge fyllinga langsmed hovudvegen i sjølve Sømmevågen i sjøen skal fjernast. Fyllinga har vore der sidan oktober for at grunnen skulle «setja seg» eller sige, slik at den skal tåle belastninga som den framtidige vegen kjem til å gi.

– Klargjeringa for vegarbeidet i Sømmevågen starta allereie våren 2013, fortel prosjektleiaren. Mellom anna har arkeologane hatt utgravingar to stader . I tillegg har Statens vegvesen etablert ny vekstplass i Leirberg for den rødlista arten Dvergålegras som vaks inst i Sømmevågen.

Aktuelt for fylke(r): Rogaland