Artikkelen er fra 2019, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen gir med dette melding om at det blir starta opp reguleringsplanarbeid for Transportkorridor vest Hafrsfjord bru i Stavanger kommune og Sola kommune. Kostnadene som ligger inne i gjeldande plan er så pass høge at det vil være naudsynt med store kostnadskutt.

Sidan brua ligg i Sola kommune og Stavanger kommune så blir endringa behandla som to reguleringsplanar.

  • Plan 0614 Detaljregulering for Transportkorridor vest Hafrsfjord bru i Sola kommune.
  • Plan 2718 Detaljregulering for Transportkorridor vest Hafrsfjord i Stavanger kommune.

I Stavanger kommune vurderast det å behandla endringane på Hafrsfjord bru som ei reguleringsendring av plan 2479 i samsvar med plan og byningsloven §12-14.

Eit av dei aktuelle tiltaka for å redusera kostnadene vil være å utforme ei enklare og rimelegare Hafrsfjord bru. 

Detaljreguleringa er i tråd med gjeldande kommuneplan. Vurderinga er at tiltaket ikkje får vesentlege konsekvensar for miljø eller samfunn, og fell ikkje inn under § 6, § 7 eller § 8 i forskrifta for konsekvensutgreiing.

Grunneigarar som vil bli råka av planen, varslast gjennom eige brev.

Merknader og spørsmål

Eventuelle merknader til oppstart av reguleringsplanarbeidet kan sendast innan 16.12.2019 til:

  • Staten vegvesen, Postboks 43, 6861 Leikanger, eller til  

med kopi til:

  • Sola kommune, postboks 99, 4097 Sola eller  
  • Stavanger kommune, postboks 8010 ,4068 Stavanger eller

Har du spørsmål kan du kontakta Geir Strømstad i Staten vegvesen, tlf. 48899798, eller e-post

Aktuelt for fylke(r): Rogaland