Artikkelen er fra 2014, og innholdet kan være utdatert.

Den juridiske vurderinga av klagene i anbodsprosessen i Sømmevågen pågår framleis. Statens vegvesen håpar på tilråding neste veke.

Då tilboda på bygging av Sømmevågen-prosjektet kom inn i mai, avviste Statens vegvesen tre av fire tilbod på grunn av manglande dokumentasjon. Tre av tilbydarane har klaga.

– Vi venter på eit svar frå klagenemda for offentlige anskaffelser (KOFA), seier prosjektleiar i Statens vegvesen, Odd-Magnar Nerland.

Skulle vore i gang

Meininga var å starte byggearbeid i Sømmevågen i midten av august. På grunn av usemje i anbodsprossessen står maskinane framleis stille.

– I løpet av neste veke håpar vi å ha ei tilråding frå KOFA. Vi skal ta stilling til tilrådinga så raskt som mogleg, og treffe ein konklusjon for den vidare prosessen, seier prosjektleiaren.

Nerland meiner framleis at alt arbeid i Sømmevågen og på Flyplassvegen skal vere ferdig sommaren 2017.

Aktuelt for fylke(r): Rogaland