Kolonneoppstillingsplass langs E16 i Aurland er ute på høyring med frist 12. april. Dette er ein del av førebuinga til oppgradering av Lærdalstunnelen.

I samband med oppgradering av Lærdalstunnelen, skal det gjerast klart eit areal for oppstillingsplassar for køyretøy på begge sider av tunnelen. Planforslaget på Aurland-sida er no klart, og ligg ute til høyring hos Aurland kommune.

Høyringsfristen er: 12. april 2024.

Planlagd kolonneoppstillingsplass ligg mellom Onstad og Nyheim, på sørsida av Aurlandselvi tett inntil E16.

Illustrasjon av oppstillingsplass, sett frå E16 og med Aurlandselvi i bakgrunnen.
Oppstillingsplass sett frå E16 når ein kjem frå aust. (Ill. COWI)

Kolonneoppstillingsplassen og tilhøyrande tiltak er mellombels, og skal tilbakeførast etter at oppgraderinga av Lærdalstunnelen er gjennomført.

Innspel til høyringa skal sendast til:   COWI AS, ved: Jørgen Sandø, Postboks 2422 N-5824 Bergen eller på epost: jesn@cowi.com

Aktuelt for fylke(r): Vestland