Markering av anleggsstart for Hardangerbrua

— Onsdag 28. februar starta det fysiske arbeidet med Hardangerbrua, - på dagen eitt år etter at Stortinget godkjende prosjektet. Anleggsstarten vart markert i Vallavik, og fleire av brufrkjemparane var møtt fram, i strålande humør.

Hardangerbru-arkitekturen klar

— Hardangerbrua vert eit landemerke. Når brua står ferdig om fem år vil den ha ein varig signatur som passar inn i landskapet. Statens vegvesen vil presentere dei arkitektoniske hovudgrepa med to opne tunnelportalar og to brutårn på meir enn 200 meter.