Hardangerbrua er bygd som ei tofelts hengebru med gang og sykkelveg. Brua har eit hovudspenn på 1310 meter og ei total lengde på 1380 meter. Hardangerbrua er no den lengste hengebrua i Norge.

Bru-tårna har ei høgd på 200 meter over fjorden. Seglingshøgda er 55 meter.

Prosjektet omfattar også 2675 meter tunnel og 800 meter veg i dagen. I tillegg er det bygd 900 meter gang- og sykkelveg fram til brua.

28. februar 2006 vart Hardangerbrua vedtatt i Stortinget

Prosjektering av brua er utført av bruseksjonen i Vegdirektoratet i samarbeid med innleigde konsulentar. Dette arbeidet starta i slutten av mars 2006. Statens vegvesen Region vest hadde ansvar for prosjektering av tilførselsvegar og tunnelar.

Bygging av tilførselsvegar starta 26. februar 2009. Bygging av brutårn starta 7. oktober 2009, og var ferdige i mai 2011. Catwalk var ferdig 7. september 2011. Kabelspinninga tok til 6. november 2011. 

Brua vart opna 17. august 2013

Hardangerbrua fotografert på opningsdagen 17. august 2013.
Hardangerbrua. Foto: Knut Opeide

Vei:
Rv. 13
Fase:
Åpnet
Kommuner:
Ulvik, Ullensvang
Fylker:
Vestland
Lengde:
Hengebru: hovudspenn 1310 m, totallengd 1380 m
Omfang:
+ 2675 m tunnel og 800 m ny veg i dagen
Finansiering:
Stat, Kommune, Bompenger
Nasjonal transportplan:
Handlingsprogram 2006-2009
Totalkostnad:
2,50 milliarder. Den økonomiske ramma for prosjektet var på 2,5 milliardar kroner justert til 2013-verdi. (Dette samsvarar med den ramma som er gitt frå Stortinget på 1,7 milliardar kroner i 2004).
Oppstart:
Mars 2009
Antatt åpnet:
2013

© NVDB, Geovekst, kommunene og Open Street Map contributors (utenfor Norge)

Kontakt Statens vegvesen

Kontakter

Bente Johnsen Aase

Prosjektleiar
Telefon:
950 99 596
E-post:

Sist oppdatert: