I kvar ende er kryss mot eksisterande vegar bygt som rundkøyringar. På nordsida inne i den eksisterande Vallaviktunnelen, og på sørsida i ny tunnel. Vegbreidde er 7,5 meter og dimensjonerande fart er 80 km/t. Stortingsvedtaket frå 2006 byggjer på ein årsdøgntrafikk i opningsåret på 1.950.

Rasteplass og bussterminal

På Bu, på sørsida av fjorden, er det bygd rasteplass. Den er knytt til brua med gangveg. I tilknyting til rasteplassen blei det bygd buss-sløyfe med terminal. Det er og bygd buss-snuplass i Vallavik.

Tunnelane

Tunnelane er sprengt med totalbreidde på 8,5 meter (T 8,5) og siktutviding i kurvene.

Bilde-VegTun-hb2
Kart over prosjektet

Hardangerbrua