Artikkelen er fra 2009, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen har ein dialog med cruisenæringa om anløp av turistskip til Eidfjord og Ulvik forbi det planlagte spennet for Hardangerbrua.

Det er ingen restriksjonar på cruisetrafikken langs fjorden mellom Vallavik og Bu denne sommaren. Heller ikkje sesongen 2010 vil det bli hindringar for cruisetrafikken, som pågår frå april til september.
Men i løpet av vinteren og våren 2011 tek Statens vegvesen til å byggje installasjonar som kryssar fjorden. Detaljar om seglingsbegresningar vil bli avklart og kunngjort så snart desse ligg føre.

Når brubyggjarane skriv 2012 vil fjordspennet der brua kjem bli stengt for annan trafikk i periodar. Dette skjer når sjølve stålkassen til hengebrua blir montert frå lekter med store kranskip, som løfter stålseksjonane opp i bruspennet.
- Det vil bli restriksjonar i form av heilt eller dels stengt for skipstrafikk i periodar frå ein time og inntil mellom fem og ti timar. Alle skip kan nok passere så lenge dei held låg fart og føl tilvisingane på plassen. Det er berre i heilt særskilte tilfelle at slik stenging blir aktuelt
Men også i store delar av turistskipsesongen 2012 vil båter kunne passere når montasjearbeidet ikkje pågår, seier sjefsingeniør Asbjørn Valen i Statens vegvesen.
Frå 2013 er føresetnaden at brua er montert med den planlagde seglingshøgda på 55 meter.
Opprinneleg var Hardangerbrua planlagt med 50 meters seglingshøgde. Etter at Eidfjord fekk godkjent bygging av cruisehamn har Statens vegvesen i samråd med kommunane og cruisenæringa løfta bruhøgda til 55 meter, som er med i føresetnadene for stortingsvedtaket om bygging av Hardangerbrua.

Denne sesongen er det 20 ulike cruiseskip med 32 anløp som kjem til Eidfjord. Sesongen strekkjer seg frå 4. april til 13. september. Ulvik tek imot seks skip med ni anløp i år. Her er sesongen mellom 24. april og 3. september.

Turistskip
Det er over 40 anløp av turistskip i Hardangerfjorden i 2009, dei fleste til Eidfjord. ( Foto: Geir Brekke
Aktuelt for fylke(r): Vestland