Artikkelen er fra 2009, og innholdet kan være utdatert.

Britiske Bridon Ltd. skal levere kabeltråd til Hardangerbrua. Tolv selskap har henta tilbodsdokument for levering av forankringsstag med plater og kabelsko.

Det er danske MT Højgaard som har entreprisen for stål og montasjearbeid på Hardangerbrua. Selskapet har vald Bridon  til leveransen av kabeltråd. Bridon har tidlegare levert Bærekablane til Osterøybrua i Hordaland. Kablane til Askøybrua var det tyske Thyssen som  leverte, eit selskap som seinare blei overteke av Bridon Ltd.

Statens vegvesen har og ute tilbod på levering av forankringsstag med plater og kabelsko til bygging av Hardangerbrua. Her er det tilsaman tolv selskap som har henta dokument for tilbodslevering. Dei fleste er norske, men også andre europeiske selskap har synt interesse for oppdraget. Sjefsingeniør Asbjørn Valen i Statens vegvesen er godt nøgd med interessa for dette oppdraget, så langt.

I løpet av hausten blir det og tilbodsrunde på levering av sadlar og hengestagsfeste til brua. Deretter kjem tilbodet på levering av hengestenger, som bind kablane til brubana – eller avstivingsbæraren.

Aktuelt for fylke(r): Vestland