Artikkelen er fra 2009, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen meldar om god framdrift på driving av tunnelane på tilkomstvegane til Hardangerbrua.

Det er stor aktivitet på båe sider av fjorden. På Vallavik er det drive kring 150 meter tunnel. Opninga mot brua og fjorden er godt synleg frå motsett side. Det same har tunnelsalvane som har vore sprengte fram mot munninga dei siste vekene. Her har det og vore utført vaierskjæring av fjellsida i tunnelmunninga. Portalen er no knappe 10 meter høg, men vil seinare i vår bli utvida til ei høgde på 22 meter, som er eineståande høgt som tunnelportal.

Som kjent skal portalen formast som ein trompet fram på sidespennet på Hardangerbrua, eller Gjallarhorn, som denne løysinga blir kalla mellom anleggsfolka som driv tunnelen i desse dagar.

Tunnelarmen frå rv. 13 på Bu-sida for den framtidige brutrafikken mellom Eidfjord og brua har hatt god inndrift, og det er her sprengt  kring 100 meter tunnel på drøye to veker. Entreprenøren har dermed kring 150 meter att før ein er framme der det skal lagast rundkøyring i tunnelen. Her vil dei to trafikkstraumane til og frå Hardangerbrua møtast, trafikk på rv. 13 til og frå Kinsarvik og Odda og trafikk på rv. 7 til og frå Eidfjord.

Det er og klart for driving av denne tunnelen frå andre enden – frå fjordsida på Bu. Dette gjeld både vegtunnelen mot dei to tunnelarmane og ein kort tunnel for gang- og sykkelvegen til og frå Hardangerbrua.

Tunnelopninga mot Hardangerbrua på Vallavik 7. mai 2009
Tunnelopninga mot Hardangerbrua på Vallavik er oppe i nærare 10 meters høgde, men dette skal meir enn doblast i løpet av våren. Karen som nyt utsikten viser dimensjonane. (Foto: Geir Brekke)
Aktuelt for fylke(r): Vestland