Artikkelen er fra 2008, og innholdet kan være utdatert.

Samferdselsdepartementet valde å avbryte tilbodskonkurransen på tilførselsvegane til Hardangerbrua og stille krav til ein ny og avgrensa kostnadsgjennomgang for heile prosjektet.

I  St.prp.nr.24 (2007-2008) har departementet gitt klare føringar om at dei ønskjer ei samla utlysing av heile bruprosjektet i 2008, med høve til å gi tilbod på eitt eller fleire element av prosjektet.

Tilboda vil bli utarbeidd i to tilbodspakkar:

  1. Tilførselsvegar/tunnelar. Tilbodspakken vil bli delt opp slik at det er høve til å gi tilbod berre på Vallaviksida og/eller Busida. Det vil også vere høve til å gi tilbod på heile pakken.
  2. Bruarbeid. Tilbodspakken vil også her bli delt opp slik at det er høve til å gi tilbod på berre betongarbeid og/eller stålarbeid. Det vil også her vere høve til å gi tilbod på heile brupakken.
  3. Samla tilbod. Det vil vidare bli lagt opp til at entreprenørar som ønskjer å gi samla tilbod på heile prosjektet (begge tilbodspakkane) skal få høve til dette.


Alle tilbodspakkar er planlagt lagt ut i mai 2008.

Planlagt byggestart årsskifte 2008/2009.

Hardangerbrua er planlagt opna i 2012.

 

Aktuelt for fylke(r): Vestland