Artikkelen er fra 2007, og innholdet kan være utdatert.

Som ein konsekvens av at Hardangerbrua er utsett vert også det planlagde ombyggingsarbeidet av rv. 7/13 Vallaviktunnelen utsett. Tunnelen vert difor ikkje stengd før tidlegast hausten 2008.

Stenging og omkøyring skal avgrensast til åtte veker og da til ein periode på året med relativt lite trafikk samtidig med at det erfaringsmessig er små problem med rasfare/snøskred.

Statens vegvesen vil kome med nærare informasjon når eventuell entreprenør er vald, tidlegast hausten 2008.

 

Aktuelt for fylke(r): Vestland