Artikkelen er fra 2009, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen har fått på plass fire store informasjonstavler om bygging av Hardangerbrua.

Tavlene står langs rv. 13 i anleggsområdet på båe sider av fjorden, og er meint for trafikantar som køyrer forbi. Teksten fortel i korte ordelag at Hardangerbrua er under bygging og at trafikantane kan sjå fram til å ta brua i bruk i juni 2013. Også engelskspråklege trafikantar kan få med seg bodskapen.

Difor er tavlene noko større enn det som er vanleg på andre veganlegg under bygging for tida. Med stort innslag av turistar i Hardanger var det viktig for samarbeidspartnarane at det og kjem informasjon på engelsk.

Bruselskapet, kommunane og reiselivet har etterspurt informasjonstavlene siste halvåret, etter at byggjearbeidet på tilførselsvegane til Hardangerbrua kom i gang på ettervinteren 2009.

Tavlene kjem på stader der trafikantane i dei næraste åra vil sjå brutårna reise seg på kvar side av fjorden, og seinare spinning av kablar, montasje av hengestenger og ikkje minst sjølve brukassen.

Dessutan vil bruarbeidet kunne fylgjast frå ferjetrafikantane mellom Brimnes og Bruravik i aukande grad gjennom byggjeperioden. Tavlene er med og gir stikkord til dei som ikkje reiser så ofte til Hardanger, og er endå ei stadfesting for lokaltrafikantane av kva bompengane på ferja blir nytta til.

Det er sett opp fire store informasjonstavler langs vegen om bygging av Hardangerbrua. ( Foto: Geir Brekke
Aktuelt for fylke(r): Vestland