Artikkelen er fra 2009, og innholdet kan være utdatert.

27. januar vart fire kontraktar for bygging av Hardangerbrua underskrive. – Tre entreprenørar skal saman med byggeleiinga produsere eit storverk, sa regionvegsjef Olav Ellevset i si innleiing.

For Hardangerbrua er spesiell – som den sjuande lengste hengebrua i verda – dersom ikkje kinesarane byggjer éi til i full fart, slik prosjektleiar Øivind Søvik uttrykte det for eit par dagar sidan.

Underskriving og presentasjon

Kontraktane vart høgtideleg signerte ved langbordet, og etterpå fekk entreprenørane seie litt om sine firma.

MT Højgaard, som skal gjere stål- og montasjearbeidet er den største entreprenøren i Danmark. Marknadssjef Christian Levinsen fortalte litt om deira bedrift og synte ei merittliste der fleire store bruer, mellom andre Øresundsbroen er med.

Veidekke entreprenør as er størst i Norge, med 6500 tilsette. Veidekke skal ta betongarbeida, det dreier seg om tårn på over 200 meter, bruportalar og spreiekammer for feste av kablane. – Vi startar til sommaren, seier Klaus Hansen, som er regiondirektør. Dette prosjektet vil gi oss enda meir kompetanse på betongarbeid, og vi må ha fokus på tryggleik ettersom vi skal arbeide i stor høgde.

AF Gruppen (tidlegare Skandinavia) der avdelinga AF anlegg underjord er spesialistar på tunnelar, har lang røynsle frå mellom anna vasskraftutbygging og fjellhallar, sprøytebetong, vatn- og frostsikring. Dei startar arbeidet i mars og har gjort avtalar om tunnelar og tilførselsvegar på begge sider av fjorden, og signerte difor to kontraktar.

Nøgd regionvegsjef og prosjektleiar

- Vi er svært nøgde med avtalane og meiner vi har fått velrenommerte firma med høg kompetanse til å fullføre hardangerbruprosjektet, seier prosjektleiar Søvik.
Og regionvegsjefen føyer til: - Det vil alltid blåse litt rundt slike store prosjekt – det er ein del av gamet. I dag er vi svært komfortable med situasjonen.

Underskriving av kontrakter 27. januar 2009
Kontraktsignering ved langt – i dette høvet raudt – bord. Frå venstre Robert Haugen frå AF Gruppen, Olav Ellevset og Øivind Søvik, Klaus Hansen frå Veidekke og Christian Levinsen frå HF Højgaard.
Aktuelt for fylke(r): Vestland