Artikkelen er fra 2009, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen har ei eiga ekspertgruppe frå dei nordiske landa som samtalepartnar i samband med planlegging og bygging av Hardangerbrua.

Gruppa starta arbeidet i 2007, og treffest 2-3 gongar i året for å drøfte aktuelle faglege spørsmål kring bruarbeidet. Med i gruppa er fagfolk frå brumiljøa i Danmark, Sverige og Norge.

John Jensen er tilsett i driftsorganisasjonen for Storebæltbrua i Danmark. Frå Sverige kjem Lasse Lund, ein av veteranane innan svensk brubygging, som i dag er tilsett i eit rådgivingsfirma i brubransjen. Norsk deltakar i gruppa er Knut Gjerding Smith frå selskapet Haug og Blom-Bakke i Oslo. Han har 25 års røynsle frå bruavdelinga i Vegdirektoratet. Frå direktoratet kjem også Bjørn Isaksen, som leiar prosjekteringsarbeidet for Hardangerbrua, samt Olav Grindland. Leiar for ekspertgruppa er sjefsingeniør Asbjørn Valen, som leiar arbeidet med bruentreprisane på Hardangerbrua.

Gruppa vart nedsett sommaren 2007, og skal følgje arbeidet med bygging av Hardangerbrua gjennom heile byggjeperioden fram mot opning i 2013.
- Å ha ei slik gruppe med oss gir ein auka tryggleik for dei avgjerdene vi tek i prosjektet, seier Asbjørn Valen i Statens vegvesen.

Gruppa var sist samla i Vallavik, med diskusjon kring det pågåande byggjearbeidet. Dei fekk orientering om status på dei ulike kontraktene og dei underentrprisane som er avklara. Det var synfaringar på båe sider av bruspennet. 

Det er no høg aktivitet på prosjektet, med tunnelbygging på tilførselsvegane, utsprenging av forankringskammer og spreiekammer på båe sider. I tillegg er betongarbeidet kome i gang på Bu, der første brufundament er ferdig støypt og neste står for tur. Støyping av tårnsøyler på Bu vil også pågå vidare framover hausten.

I Vallavik har det siste tida pågått sprenging av tårnfundament, og det er klart for støyping også i dei to fundamentgropene på denne sida.

Aktuelt for fylke(r): Vestland