Artikkelen er fra 2009, og innholdet kan være utdatert.

Vallaviktunnelen stenger i åtte veker frå 28. september kl. 06.00, men først blir det to nye netter med nattestenging, natt til 22. og 23. september.

Erfaringane med nattarbeid i rv. 7 og 13 Vallaviktunnelen viser at det er tidkrevjande å lage nye grøfter til kablane gjennom tunnelen. Difor treng Statens vegvesen å stenge tunnelen også i veke 39, nemleg natt til tysdag og onsdag.

Det blir stengt frå kl. 22.00 mandag kveld, 21.september til kl. 06.00 tysdag morgon, og det same den følgjande natta.

Det blir kolonnekøyring i samband med ferjeavgangar Bruravik-Brimnes. Kolonne går frå Granvin-sida kl. 23.25, 01.05 og 05.00. Frå Vallavik går kolonna kl. 23.30, 01.10 og 05.05.

Den lange heildøgnstenginga i Vallaviktunnelen vil derette pågår i åtte veker, med stengestart måndag 28.september kl. 06.00.

Arbeidet som skal skje desse åtte vekene er todelt. Det er for det første bygging av rundkøyring mellom dagens tunnel og tunnelarmen til Hardangerbrua. Dette skal skje i eit kryssområde kring 500 meter inne i dagens tunnel frå Vallavik-sida.

I tillegg skal det gjerast ein del utbetringar av den eksisterande Vallaviktunnelen. Det skal byggjast fire havarinisjar og ein snunisje for trafikken.

Dersom arbeidet går etter planen tek Statens vegvesen sikte på å opne Vallaviktunnelen for trafikk att 23.november kl. 06.00.

Når Vallaviktunnelen er stengt for trafikk er det omkøyring på rv. 572 mellom Bruravik og Holven.

Aktuelt for fylke(r): Vestland