Artikkelen er fra 2009, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen stenger rv. 13 og rv. 7 Vallaviktunnelen i Hordaland i åtte veker, frå 28. september til 23. november i haust.

Det er i samband med bygging av tilførselvegar til Hardangerbrua i Vallavik at tunnelen blir stengt. Sidan i vinter har det vore driving av tunnel frå fjordsida inn mot den eksisterande Vallaviktunnelen. Her skal tilkomstvegen mellom Hardangerbrua og Vallaviktunnelen byggast, og dei to tunnelane skal møtast i ei rundkøyring inne i fjellet. Det er i samband med gjennomslag på tunneldrivinga inn mot dagens tunnel at Vallaviktunnelen blir stengt.

Omkøyring blir på rv. 572 mellom Bruravik og Holven i Granvin. Denne vegen går via Ulvik og over Ulvikhøgda. Her pågår det no utbetringsarbeid, som  skal vere fullført før Vallaviktunnelen blir stengd for trafikk i slutten av september. Det har også vore utført utbetring av nokre punkt på denne ruta tidlegare for at rv. 572 skal kunne vere ei tenleg omkøyring for trafikken medan Vallaviktunnelen er stengd.

- Under stengingsperioden vil det og bli utført oppgradering av Vallaviktunnelen lenger vest mot Granvin, seier prosjektleiar for Hardangerbrua i Statens vegvesen, Øivind L. Søvik.

Vallaviktunnelen
Vallaviktunnelen blir stengt i åtte veker i haust. (Foto: Geir Brekke)
Aktuelt for fylke(r): Vestland