Artikkelen er fra 2009, og innholdet kan være utdatert.

Rv. 7 og 13 Vallaviktunnelen blir stengt frå kl. 22.00 til 06.00 på kvelds- og nattestid fire dager i veke 37 på grunn av førebuande anleggsarbeid.

Det er i samband med anleggsarbeider for Hardangerbrua og oppgradering av den eksisterande tunnelen at det blir nødvendig med nattestenging i fire netter frå mandag kveld, 7. september til morgonen, fredag 11. september. Det er mellom anna aktuelt med omlegging av kablar og andre førebuingar til den store anleggsperioden i Vallaviktunnelen, som skal pågå i åtte veker frå veke 40, 28. september til veke 47, med opning att 23. november.

Det blir kolonnekøyring tre gongar dagleg under stenginga i veke 37. Trafikken blir leia i kolonne frå Granvin-sida kl. 23.25, kl. 01.05 og 05.00, i samband med ferjeavgangar Bruravik-Brimnes.
Tilsvarande kolonne frå Vallavik-sida startar kring fem minutt etter, altså kl. 23.30, 01.10 og 05.05 dei fire dagane i veke 37.

Omkøyring når tunnelen er stengt er på rv. 572 Bruravik-Holven.

Vallaviktunnelen i Hardanger blir stengt fire netter i veke 37 på grunn av anleggsarbeid.
Vallaviktunnelen i Hardanger blir stengt fire netter i veke 37 på grunn av anleggsarbeid. ( Foto: Geir Brekke
Aktuelt for fylke(r): Vestland