Artikkelen er fra 2008, og innholdet kan være utdatert.

Prosjektet Hardangerbrua omfattar bygging av ei 1380 m lang hengebru over Eidfjorden med tilførselsvegar, 2,4 km tunnel og om lag 1 km veg i dagen. Hardangerbrua skal erstatte ferjesambandet Bruravik-Brimnes. Prosjektet er planlagd ferdig våren 2013.

Som forventa
- Tilboda ligg litt lågare enn forventa, seier prosjektleiar Øivind Søvik i Statens vegvesen.
Dersom dei 4 lågaste tilboda blir antatt, står ikkje prosjektet i fare. Vi er godt nøgd med at vi har fått med så mange utanlandske tilbydarar. Dei fire lågaste tilboda er velrenommerte, norske og skandinaviske selskap. No skal alt kontrollreknast, entreprenørane vedkjenner seg tilboda til 29.01.09 og kontrakt skal skrivast før den dato, opplyser Øivind Søvik.

Tilbodsopning hovudentreprise
Tilbodsopninga skjedde onsdag 5. november 2008 i Fylkesbygget på Leikanger. Tilboda gjaldt dei fire kontraktane som til saman utgjer prosjektet, prisane er oppgitt utan mva. og ikkje kontrollrekna av Statens vegvesen. Rekkefølgja kan bli endra etter kontrollrekning.
Tilbod på kombinasjonar av fleire tilbod vart levert, og vil bli opplyst om seinare.

Anleggsstart er planlagd i vinter 2009 og vegopning våren 2013.

TILBODA:

TV-02 Tilførselsveger med tunneler Bu
Antall tilbod
10
 
AF Scandinavia A/S 191.741.530,- kroner
Hæhre entreprenører a/s 203.178.017,- kroner
Mika A/S 206.268.083,- kroner
Kruse Smith A/S 214.145.513,- kroner
Mesta entreprenør A/S 214.320.316,- kroner
Skanska A/S 222.495.000,- kroner
E. Opedal & Sønner 222.939.387,- kroner
NCC Construction A/S 238.537.252,- kroner
MT Høigaard (Danmark) 255.856.894,- kroner
Alpine Bau (Tyskland) 308.597.793,- kroner
TV-03 Tilførselsveger og tunneler Vallavik
Antall tilbod
7
 
Hæhre entreprenør A/S 120.250.828,- kroner
AF Scandinavia A/S 120.844.171,- kroner
Skanska Norge A/S 137.753.642,- kroner
Mesta A/S 143.053.781,- kroner
NCC Construction A/S 151.488.428,- kroner
MT Høigaard (Danmark) 176.096.631,- kroner
Alpine Bau (Tyskland) 203.184.761,- kroner
BRU-01 Betongarbeider
Antall tilbod
6
 
Veidekke entreprenører A/S 331.219.114,- kroner
Kruse Smith A/S 407.124.788,- kroner
Alpine Bau (Tyskland) 407.198.119,- kroner
Skanska A/S 413.805.983,- kroner
MT Høigaard (Danmark) 495.951.500,- kroner
Bilfinger Berger (Tyskland) 515.226.353,- kroner
BRU-02 Stål- og montasjearbeider
Antall tilbod
4
 
MT Høigaard (Danmark) 761.196.341,- kroner
AB American bridge (USA) 1.137.731.156,- kroner
HSM (Nederland) 1.151.218.812,- kroner
Cleveland Bridge/Hollandia 1.192.889.787,- kroner

 

Aktuelt for fylke(r): Vestland