Rv. 41 Treungen–Vrådal
Rv. 41 er ein del av transportkorridoren mellom Telemark og Sørlandet, og vegen er viktig for turisme og næringsliv i fylket.
Prosjektet er delt i 6 parseller:
- Parsell 1 Treungen–Stråndrak (ca. 5,4 km) i byggjefase, planlagt ferdig sommaren 2023. Vedtatte plandokument
- Parsell 2 Stråndrak–Nes (ca. 5,2 km) ferdig hausten 2021, nokre arbeider står igjen til våren, planlagt offisiell opning i juni 2022.
- Parsell 3 Nes–Kyrkjebygda (ca. 6,8 km) godkjend reguleringsplan, byggjestart hausten 2022. Vedtatte plandokument
- Parsell 4 Kyrkjebygda–Kilen (ca. 7 km) ferdig bygd.
- Parsell 5 Kilen–Steane (ca. 7 km) ferdig bygd.
- Parsell 6 Steane–Vrådal (ca. 6 km). Arbeid med detaljreguleringsplan er sett i gong. Detaljreguleringsplanen forventas godkjent i løpet av 2023.
Dagens rv. 41 har mange svingar og generelt smal vegbreidd som reduserer framkomst for alle trafikantar. Dagens årsdøgnstrafikk (ÅDT) er 650 og blir auka forventa til 800 etter 20 år. Frå Steane til Vrådal er trafikken noko høgare, ÅDT er i dag omlag 1000 og blir forventa å auke til 1200 etter 20 år.
Vegen ligg i eit kupert og utfordrande terreng der dagens veg i stor grad følgjer Nisser med vatnet på den eine sida og bratt fjell på den andre sida. Landskapet gjer det derfor naturleg å leggje den nye vegen i stor grad i dagens trasé, men samtidig vurdere alternative linjer.
- Vei:
- Rv. 41
- Fase:
- Byggefase
- Kommuner:
- Nissedal
- Fylker:
- Vestfold og Telemark
- Lengde:
- 39 km
- Finansiering:
- Stat
- Nasjonal transportplan:
- Omtalt i NTP 2018-2029
Kontakter
Sist oppdatert: