Planforslaget for Knibstadbukti (kommunegrense Nissedal)-Tanganbekken er ut på høyring og offentleg ettersyn fram til 17. juni.

Biletet av riksvegen midt i biletet. Til venstre for vegen er det ein innsjå og til høgre er det fjell og skog.
Strekninga rv. 41 Knibstadbukti-Tanganbekken skal utbetrast slik at vegen får ei breidd på 7,5 meter. Foto: Arne Ola Stavseng, Statens vegvesen

Statens vegvesen legg i samsvar med plan- og bygningslova §12-10 og §3-7 forslag til detaljreguleringsplan rv. 41 Knibstadbukti (kommunegrense Nissedal) - Tanganbekken i Kviteseid kommune ut på høyring og offentleg ettersyn.

Planforslaget omfattar ein strekning på ca. 1,9 km frå Knibstadbukti (kommunegrensa mot Nissedal) til Tanganbekken.

Målet med prosjektet er å gjere vegen meir trafikksikker og i tråd med gjeldande krav. Planen legg opp til vegbreidde 7,5 m i tråd med Hø1-standard, og geometri i tråd med krav til Hø1-veg gjennomgåande utbetring.

Dette vil gi auka trafikksikkerheit, betre framkomst, enklare drift og noko lågare klimautslepp. Planforslaget legg i stor grad opp til utbetring av eksisterande veg. 

Plandokumenta finn du her

Frist for merknader

Eventuelle merknader til planforslaget må sendast skriftleg til Statens vegvesen, postboks 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer eller til firmapost@vegvesen.no innan 17. juni 2026.

Merk innspelet med sak nr. 23/94062

Spørsmål til planarbeidet?

Har du spørsmål til planarbeidet kan du kontakte Statens vegvesen ved planleggingsleiar Turid Hagelia Korshavn på mobil  93096282 eller på e-post: turid.hagelia.korshavn@vegvesen.no

Aktuelt for fylke(r): Telemark