Detaljregulering for rv. 41 Steane-Vrådal ute til høyring
Planforslaget er ut på høyring og offentleg ettersyn fram til 30. oktober.
Statens vegvesen legg i samsvar med plan- og bygningslova §12-10 og §3-7 forslag til detaljreguleringsplan for rv. 41 Steane - Vrådal i Kviteseid kommune ut på høyring og offentleg ettersyn.
Planforslaget omfattar ein strekning på ca. 6,0 km frå Steane til Vrådal.
Målet med prosjektet er å gjere vegen meir trafikksikker og i tråd med gjeldande krav. Planen legg opp til vegbreidde 7,5 m i tråd med Hø1-standard, og geometri i tråd med krav til Hø1-veg gjennomgåande utbetring, samt gang- og sykkelveg på strekninga frå Vrådal hyttegrend til Straand hotel.
Dette vil gi auka trafikksikkerheit, betre framkomst, enklare drift og noko lågare klimautslepp. Planforslaget legg i stor grad opp til utbetring av eksisterande veg.
Frist for merknader
Eventuelle merknader til planforslaget må sendast skriftleg til Statens vegvesen, postboks 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer eller til firmapost@vegvesen.no innan 30. oktober 2026 og merkast med sak. nr. 22/18905.
Spørsmål til planarbeidet?
Har du spørsmål til planarbeidet kan du kontakte Statens vegvesen ved planleggingsleiar Turid Hagelia Korshavn på mobil 930 96 282 eller på e-post: turid.hagelia.korshavn@vegvesen.no
Opent informasjonsmøte
Det blir opent informasjonsmøte om planarbeidet i Vrådal grendehus måndag 12. oktober kl. 18.00.
Adresse: Straumsnesvegen 29, Vrådal.