Artikkelen er over ett år gammel, og innholdet kan være utdatert.

Arbeidet med å utbetre rv. 41 mellom Nes og Kyrkjebygda er godt i gang. Frå 2. januar og fram til 10. mai blir riksvegen stengd i ulike periodar.

Dagens veg mellom Nes og Kyrkjebygda sentrum er smal, og for å gjera riksvegen breiare må vi sprenga ut langs ei strekning ved Mjågeto, om lag seks kilometer sør for Kyrkjebygda.

Arbeidet starta no i desember med manuell dirigering og stenging i inntil 15 minuttar. På nyåret startar sprengingsarbeidet for fullt, noko som påverkar trafikken.

Stenger av omsyn til tryggleiken

– Dette er eit krevjande arbeid, sidan det er ein høg fjellskjering og small og bratt ned mot Nisser. Vi har derfor vurdert det slik at det ikkje er forsvarleg å gjennomføra arbeid medan det er trafikk på vegen, og vi blir derfor nøydde til å stenga vegen heilt i ein periode på om lag seks veker. I tillegg vil det bli ein periode med stenging delar av døgnet, seier Jon Krogstad Bøe, byggeleiar i Statens vegvesen.

Medan vegen er delvis stengd, vil han vera open for trafikantar morgon, ettermiddag og i helgane.

Oversikt over stengd veg

Tid

Informasjon

2. januar–29. januar

Vegen vil vera open kl. 06.30–08.30 og 14.30–17.00 i vekedagane.

I helgane vil vegen vera open frå fredag kl. 14.30 til måndag kl. 08.30.

30. januar–12. mars

Rv. 41 helt stengt ved Mjågeto

13. mars–31. mars

Vegen vil vera open kl. 06.30–08.30 og 14.30–17.00 i vekedagane.

I helgane vil vegen vera open frå fredag kl. 14.30 til måndag kl. 08.30.

31. mars–10. april (påska)

Vegen vil vera open frå 31.3. kl. 14.30 til 11.4. kl. 08.30.

11. april–9. mai

Vegen vil vera open kl. 06.30–08.30 og 14.30–17.00 i vekedagane.

I helgane vil vegen vera open frå fredag kl. 14.30 til måndag kl. 08.30.

Omkøyring via Gautefall og Grova

Medan vegen er stengd ved Mjågeto, vil det bli skiltet omkøyring mellom Treungen og Steane. Trafikantar sørfrå må då køyra via fylkesveg 358 forbi Gautefall til Bustrak og vidare fylkesveg 38 via Grova til Steane.

Utbetringa mellom Kyrkjebygda og Nes er ein del av arbeidet med å forbetra rv. 41 mellom Treungen og Vrådal.

Kartskisse som visar omkøyringsvegen mellom Treungen og Steane.
Medan rv. 41 er stengd ved Mjågeto, vil det bli skiltet omkøyring mellom Treungen og Steane. Illustrasjon: Statens vegvesen