Artikkelen er over ett år gammel, og innholdet kan være utdatert.

På grunn av krevjande sprengingsarbeid og omfattande sikring vil rv. 41 ved Mjågeto bli stengt fram til 27. mars.

På grunn av krevjande sprengingsarbeid og omfattande sikring vil rv. 41 ved Mjågeto bli stengt fram til 27. mars. Foto: Fredrik Lie, Statens vegvesen

Ved Mjågeto, cirka seks kilometer sør for Kyrkjebygda, går det føre seg omfattande sprengingsarbeid. Det er høge fjellskjeringar som skal fjernast for å laga ein breiare riksveg langs Nisser.

– Sprengingsarbeida nærmar seg slutten, men det står framleis att ein del sikringsarbeid for å kunna opne ein trygg veg for gjennomkøyring, forklarer byggjeleiar Jon Krogstad Bøe i Statens vegvesen.

Han legg til at me dessverre ikkje kan delvis opna rv. 41 til 13. mars som først annonsert.

– Rv. 41 blir delvis open frå måndag 27. mars kl. 06.30. Då vil vegen bli ope på morgonen og ettermiddagen og i helgane. I påska skal rv. 41 vera open som planlagt, seier Bøe og legg til:

– Me beklagar sjølvsagt at me ikkje kan delvis opna vegen som planlagt.

Arbeidet har vore svært krevjande sidan det er ein høg fjellskjering og small og bratt ned mot Nisser. Statens vegvesen har derfor vurdert det slik at det ikkje er forsvarleg å gjennomføra arbeid medan det er trafikk på vegen, og vi er derfor nøydde til å stenga vegen heilt i en periode.

Oversikt over stengt veg

Frem til og med 26. mars

Rv. 41 helt stengt ved Mjågeto

27. mars–31. mars

Vegen vil vera open kl. 06.30–08.30 og 14.30–17.00 i vekedagane.

I helgane vil vegen vera open frå fredag kl. 14.30 til måndag kl. 08.30.

31. mars–10. april (påska)

Vegen vil vera open frå 31.3. kl. 14.30 til 11.4. kl. 08.30.

11. april–9. mai

Vegen vil vera open kl. 06.30–08.30 og 14.30–17.00 i vekedagane.

I helgane vil vegen vera open frå fredag kl. 14.30 til måndag kl. 08.30.

Omkøyring via Gautefall og Grova

Medan vegen er stengd ved Mjågeto, vil det bli skiltet omkøyring mellom Treungen og Steane. Trafikantar sørfrå må då køyra via fylkesveg 358 forbi Gautefall til Bustrak og vidare fylkesveg 38 via Grova til Steane.

Utbetringa mellom Kyrkjebygda og Nes er ein del av arbeidet med å forbetra rv. 41 mellom Treungen og Vrådal.

Kart med omkøyringsveg.
Medan rv. 41 er stengd ved Mjågeto, vil det bli skiltet omkøyring mellom Treungen og Steane. Illustrasjon: Statens vegvesen
Aktuelt for fylke(r): Vestfold og Telemark