Reguleringsplan leggast på offentleg ettersyn
Statens vegvesen har i samråd med Suldal kommune utarbeidd forslag til reguleringsplan for rv. 13 Førland bru. Frist for innspel: 16.11.2026
Reguleringsplanen er no lagt på offentleg høyring og ettersyn. Statens vegvesen ber med dette om innspel til arbeidet.
Prosjektet
Førland bru ligg på Rv. 13 mellom kommunesenteret; Sand og Suldalsosen i Suldal kommune.
Rv. 13 går frå Sandnes til Leikanger og er hovudvegen gjennom Ryfylke.
Vegen har i dag vegklasse Bk 10/50, men brua tilfredstillar ikkje denne klassen i dag.
Det er vurdert at eksisterande bru ikkje kan oppgraderast til tilstrekkeleg standard, og det må difor etablerast ei ny bru.
Ny bru skal tilfredsstille krav til Bk 10/60 i tillegg til mobilkran (Bk 12/65) og spesialtransport (Bk 12/100). Framtidig bru og tilførselsvegar (Rv. 13) skal ha gul stripe.
Statens vegvesen har utarbeida reguleringsplan for ny Førland bru med tilhøyrande veg og avkøyrslar.
Brua får to køyrefelt samt gang- og sykkelveg som vert knytt til ny busslomme som skal etablerast.