Bygging av ny Skjøiten bru på riksveg 52 i Hemsedal er no halvvegs og i rute til opning neste sommar.

Den nye brua ligg 40-50 meter nedstraums
Den nye brua ligg 40-50 meter nedstraums den gamle, som ses i bakgrunnen t.v. Foto: Kjell Wold

Når ny bru med tilhøyrande 1,5 kilometer ny veg tas i bruk  sommaren 2022, skal dagens flaskehals av ei bru frå 1937 fjernast.

Ulykkespunkt

Skjøiten bru ei mil nord om Hemsedal sentrum har vore ein flaskehals og ulykkespunkt i årtider. Rv 52 i Hemsedal er den høgfjellsvegen i Norge med høgast del av tunge køyretøy, med ein  tungbilandel på nær 30 prosent.

Den nye brua blir 90 meter lang
Den nye brua blir 90 meter lang. Foto: Kjell Wold

To landkar og to brukar stod ferdig tidlegare i haust. No er arbeidet med reisen til brubanen i full gang. Prosjektet reknar med at støyping av brudekket kan skje ein gong i februar/mars 2022.

Liovegen lagd om

Når gamlebrua skal fjernast blir dei to steinsatte landkara på kvar side ståande som eit vegminne. Restane av gamlevegen sør for dagens bru blir og fjerna.

I tillegg til ny bru byggast dst b1,5 km ny veg.
I tillegg til ny bru byggast dst b1,5 km ny veg. Foto: Kjell Wold

I tillegg til bygging av ny bru med tilhøyrande veg er og lokalevegen Liovegen lagd om i haust. Det betyr blant anna tryggare adkomst til rv 52 for dei som bur i Liogrenda.

Aktuelt for fylke(r): Viken