Artikkelen er over ett år gammel, og innholdet kan være utdatert.

Forslag til reguleringsplan for rv. 52 Storeskard–Galdane i Hemsedal kommune vil være ute til høyring og offentleg ettersyn frå 1. juni til 1. august.

Riksveg 52 er ein viktig transportveg for godstransport mellom øst og vest.
Formålet med reguleringsplanarbeidet er å bedra trafikktryggleik og framkome
på strekninga.

Statens vegvesen ønsker å erstatte dagens bru med ei ny bru nedstraums dagens brustad, og rette ut og utbetre tilstøytane veg. Ny bru og utbetra veg vil bli breiare, og få breie grøfter. Endra veglinje medfører nye inngrep i fjellet og fjellskjeringane må sikrast.

Det vil også bli utført fjellreinsk og sikring for å forhindre framtidig steinsprang.

Planprosess og medverking

Mellom 1. og 24. juni vil Statens vegvesen vere tilgjengeleg for synfaringar med naboar og interessentar i planområdet. Ønske om synfaring kan meldast til
planleggingsleiar Simen Haga, på e-post:

Plandokument og merknadsfrist

Planforslaget blir lagt ut til offentleg ettersyn i tida 1. juni 2022 til 1. august 2022 på sida: Reguleringsplan rv. 52 Storeskard–Galdane. Plandokumenta blir også gjort tilgjengelege på nettsida til Hemsedal kommune

Kontakt planleggingsleiar dersom plandokumenta ønskes tilsendt per post.

Merknader

Merknader til planen sendes skriftleg innan 1. august 2022 til:

  • Statens vegvesen, Postboks 1010 Nordre Ål, 2605 LILLEHAMMER,
  • eller

Merknader merkes med: «Merknad til 20/96240»

Kontakt

Har du spørsmål til planforslaget kan du ta kontakt med:

  • Prosjektleiar Knut Erik Skogen, tlf: 917 50 056, e-postadresse:
  • Planleggingsleiar Simen Aastorp Haga,tlf: 930 38 543, e-postadresse:
Aktuelt for fylke(r): Viken