Onsdag 9. november vert Kjøsnestunnelen offisielt opna.

Bilde av tunnelportalen mot Kjøsnes.
Kjøsnestunnelen er klar for opning, og etter lunsj onsdag er det slutt på ledebilkøyringa.

Program for dagen:

11.30 – oppmøte på Kjøsnes, mellom nye tunnelportalen og entreprenøren sin brakkerigg på nedsida.

11.35 – Musikk ved Jølster Musikklag, servering av kaffi og kaker

11.45 – Offisiell opningsseremoni startar, med talar frå vegvesenet sin utbyggingsdirektør, ordførar i Sunnfjord, assisterande statsforvaltar, statssekretær i Samferdselsdepartementet m.fl.

  • Musikkinnslag ved Erlend Apneseth, fele
  • Fanfare ved Jølster musikklag
  • Snorklypp ved statssekretæren

Ca. 12.30 – Seremonien er ferdig

Alle er hjarteleg velkomne til opninga!