Rv. 7 Måbødalen, breiddeutviding og kurveutretting
Hvor?
- Fylker:
- Vestland
Kommuner:
Eidfjord
Hva?
Vi skal laga større breidde på vegen, og ei betre køyreoppleving.
Hvorfor?
Føremålet med prosjektet er å forbetre vegstrekninga med økt bredde og slakare kurver slik at både framkomst og trafikktryggleik blir betre.
Kart
Framdrift
Dokumenta vart sende ut i i juni 2024, i samarbeid med Eidfjord kommune. Dokumenta finn du under Planer og dokumenter.
Forslag til reguleringsplan på høyring og offentleg ettersyn.
Aktuelt
-
Varsel om oppstart av planarbeid rv. 7 Måbødalen
— Statens vegvesen skal i samarbeid med Eidfjord kommune i gang med å lage ein detaljreguleringsplan for rv. 7 ved Finnasteinsflåten i Måbødalen.
Planer og dokumenter
Fakta og nøkkeltall
- Lengde:
- 2200 meter
- Finansiering:
- Stat
- Nasjonal transportplan:
- Omtalt i NTP 2022–2033
Mer om prosjektet
Riksveg 7 over Hardangervidda har stort sett ein standard med bredde på køyrebanen som tillèt køyring i to felt med gul midtstripe. Prosjektområdet omfattar ei strekning på 2,3 km i Måbødalen med smal veg, krappe kurver og til dels dårleg sikt. På om lag 1,3 km av strekninga er det ikkje god nok bredde til gul midtstripe.
Den utbetra vegen vil stort sett følgje dagens trasé og utvidinga vil truleg skje både på oppsida og nedsida av vegen. Terrenget vil få endringar med skråningsutslag og støttemurar. Viktige tema i planarbeidet vil vere omsyn til vassdrag, kulturminne og landskap, skredfare og geotekniske utfordringar i bratt terreng. Vegstrekninga er ein del av nasjonal turistveg Hardangervidda.
I samband med reguleringsplanarbeidet skal det gjennomførast ei konsekvensutgreiing (KU) for å sikre at viktige miljø- og landskapsomsyn blir vurderte.