Artikkelen er over ett år gammel, og innholdet kan være utdatert.

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård fekk «smella til» då han tok det første offisielle spadetaket for OPS-prosjektet.

OFFISIELT STARTA: Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård, vår egen Vegdirektør Ingrid Dahl Hovland, Utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik, Øygarden-ordførar Tom Georg Indrevik og Bergen-ordførar Linn Kristin Engø var alle tilstade for å markere byggestart.
OFFISIELT STARTA: Frå venstre: Direktør i Sotra Link AS Christopher Bjerke, Prosjektleder Lene Sælen Rivenes, Fylkesordførar i Vestland Jon Askeland, Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård, Øygarden-ordførar Tom Georg Indrevik, vår egen Vegdirektør Ingrid Dahl Hovland, Utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik, Askøy-ordfører Siv Høgtun, Bergen-varaordførar Eira Martinsen Garrido, var alle tilstade for å markere byggestart. Foto: Sunniva L. Seterås/Statens vegvesen (OPPDATERT)

– Sotrasambandet er eit stort og viktig vegprosjekt for Bergensregionen, som vil gi betre framkomelegheit for bilistar, kollektivtrafikk, og for gåande og syklande, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Bilete viser samferdselsministaren Jon-Ivar Nygård som blir intervjua på Sotra, i vestlandsk ruskevêr.
Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård trassa ruskevêret, og var til stades ved markeringa av første spadetak på Sotrasambandet. Foto: Sunniva L. Seterås/Statens vegvesen

Det ljoma godt i store delar av Øygarden i dag då Vegvesenet markerte den offisielle starten på Rv. 555 Sotrasambandet med ei sprengsalve i det som skal bli den nye Kolltveittunnelen.

– Det er alltid ei glede å ønske velkomen til eit «første spadetak». Vestlandet treng gode og effektive vegsystem, og me er fornøgde med at dette komplekse prosjektet som Sotrasambandet er, no offisielt er i gang, understreka Utbyggingsdirektør i Statens vegvesen Kjell Inge Davik i velkomsttalen sin.

Store forventningar i Øygarden kommune

Det er store forventningar til prosjektet og særleg er Øygarden-ordførar Tom Georg Indrevik entusiastisk rundt det potensialet den nye vegen utløyser for kommunen.

Vi har venta på dette sambandet i mange år. Det har vore førebuande arbeid med Sotrasambandet ei stund, og gravemaskinane er i sving. No gler vi oss stort over at arbeidet med sambandet bokstaveleg talt skyt fart. Realisering av Sotrasambandet er heilt avgjerande for å utvikla vekstkommunen Øygarden, seier ordførar Tom Georg Indrevik som takkar alle som har fått dette på plass. 

OPS-selskapet Sotra Link AS er allereie i gang med arbeid fleire stader på strekninga. Utover våren blir det mykje folk i arbeid på anlegget som skal stå ferdig i 2027. I dag vart arbeidet offisielt starta.

Rv. 555 Sotrasambandet er et komplekst og stort prosjekt. Oversikt over hva som skal bygges.
Rv. 555 Sotrasambandet er et komplekst og stort prosjekt. Oversikt over hva som skal bygges.
Aktuelt for fylke(r): Vestland