Lene Sælen Rivenes i Statens vegvesen tek over prosjektleiaransvaret for Sotrasambandet midlertidig.

Endringa skjer som følje av at  Arve Tjønn Rinde blir prosjektsjef for E39 Stord-Os (Hordfast).

Bilde av Lene Sælen Rivenes. Rivenes går midlertidig inn i rolla som prosjektleiar for Sotrasambandet fram til ny prosjektleiar er tilsett.
Lene Sælen Rivenes går midlertidig inn i rolla som prosjektleiar for Sotrasambandet fram til ny prosjektleiar er tilsett. Foto: Ingrid Feet Bjørgo

Prosjektdirektør i Statens vegvesen, Kjartan Hove, fortel at Rivenes vil fungera som i stillinga fram til ny prosjektleiar er tilsett. Lene Sælen Rivenes kjem frå stillinga som kontraktansvarleg for tunnel i Sotrasambandet.

Utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik seier rv. 555 Sotrasambandet no er på veg inn i ein ny fase.

- Vi har dyktige personar i organisasjonen vår som vil følge Sotrasambandet inn i byggefasen. Endringane vi gjer no, er for å sikre oss gjennomføringskraft i alt det som skal skje i og rundt Bergen i åra som kjem, seier Davik.

Aktuelt for fylke(r): Vestland