Samferdselsminister Knut Arild Hareide presenterte i dag regjeringa sitt forslag om å auke rammene for Rv. 555 OPS Sotrasambandet.

Dette vert gjort for å sikre gjennomføringa av prosjektet.

Samferdselsminister Knut Arild Hareide presenterte under sitt besøk i Bergen i dag, at regjeringa vil fremme forslag om å auke rammene for OPS Sotrasambandet. Grunnen til at regjeringa ber stortinget om det er av di at dei to tilboda som omfattar arbeidet ligg høgare enn det prosjektet vart venta å skulle koste. Prosjektet har i dag ei kostnadsramme på 17, 1 milliardar (2018-kroner), inkludert drift og vedlikehald i 25 år etter trafikkopning. 

Ikkje forsinka

Prosjektleiar i Statens vegvesen Arve Tjønn Rinde.
Prosjektleiar i Statens vegvesen Arve Tjønn Rinde.

Prosjektleiar i Statens vegvesen Arve Tjønn Rinde seier dagens melding frå Samferdselsdepartementet er svært gledeleg. Det betyr at prosjektet kan gå vidare i dialogen med dei to tilbydarane, og at prosjektet kan bli realisert som planlagt.  

- Regjeringa har i dag sagt at dei vil gå til Stortinget og be om auka ramma for prosjektet, slik at tilbodsprosessen vi er inne i kan ferdigstillast, og at Statens vegvesen kan oppretthalde framdriftsplanen. For prosjektet betyr dette at vi har fått klarsignal til å gå vidare med å annonsere vinnaren av OPS- kontrakten når alle vurderingar er gjort.

Når tilboda er vurdert vil Statens vegvesen annonsere vinnaren av konkurransen. Etter det vil ein starte arbeidet med inngå kontrakt med ein av partane. Før kontrakt er på plass skal endelege plan for finansiering vurderast samt gjennomgang av selskapa. Kontraktsignering blir på nyåret. Kontraheringsarbeidet har vore komplisert og det er gjort mykje godt arbeid både av tilbydarane og Statens vegvesen så langt.

- Dagens melding frå Samferdselsministeren betyr at vi kan fortsetje arbeidet som planlagt og slik at prosjektet blir realisert som regulert. OPS-selskapet som får kontrakten kan kome i gong med førebuande arbeid allereie i haust, og med anleggsarbeid i løpet av 2022/23. Sluttdatoen for trafikkopning av nytt vegsystem er framleis 01.06.2027, seier Rinde.

Illustrasjon av ny Sotrabru.
Illustrasjon av ny Sotrabru. Foto: Baezeni



Utbyggingsdirektør i Statens vegvesen Kjell Inge Davik er glad for dagens beskjed frå Samferdselsministeren.

Utbyggingsdirektør i Statens vegvesen Kjell Inge Davik.
Utbyggingsdirektør i Statens vegvesen Kjell Inge Davik. Foto: Knut Opeide


- Det er svært gledeleg at dette no er avklart så raskt, og at dette viktige prosjektet blir realisert som planlagt. Det har vore ein komplisert kontrahering og eg vil rose det enorme arbeidet prosjektet har gjort så langt

På spørsmål om kvifor dei to tilboda er høgare enn forventa kostnadsramme seier Rinde at det må vi kome tilbake til seinare etter kontraktsinngåing. Så lenge ikkje kontrakt er signert vert det feil av oss å kommentere dette no.

- Det er gode forklaringar kvifor prosjektet har blitt dyrare en forutsett. På noverande tidspunkt kan vi ikkje gå ut med detaljar om dette, det får vi heller komme tilbake med informasjon om når vi annonserer vinnaren av OPS-kontrakten.

Ein av Norgeshistorias største vegkontrakter

OPS-kontrakten på Sotrasambandet er ein av dei største kontraktane i sitt slag. Prosjektet stor teknisk kompleksitet og omfattar fleire store konstruksjonar, inkludert ny Sotrabru og fleire tunnelar. Prosjektet går gjennom eit område med mykje bustader, næringsverksemd og har stor trafikk. Prosjektet vil sikre regularitet og framkomst frå vest inn mot Bergen.

Fakta om prosjektet:

I tillegg til ny firefelts Sotrabru inkluderer kontrakten for nytt Sotrasamband

• 5,2 km 4-felts hovudveg i dagsoner med 6 større kryss
• 10,6 km vegtunnelar, av desse er 4,4 km toløps tunnelar + 1,8 km ramper.
• 1,6 km hovudveg på fv.562 (Askøyvegen) med 1 større kryss
• 24 km 2-feltsveger/ tilkomstveg
• 8,8 km hovudsykkelveg (sykkelveg med fortau), b =5m
• 6 km gang- og sykkelveg, b=3m
• Kollektivveger og kollektivfelt
• Gang- og sykkeltunneler
• 22 bruer inkl. gang- og sykkelbruer
• 19 kulvertar og 23 tunnelportalar
• Kollektivplassar og parkeringsplassar
• Støyskjermar og støyvoller

Aktuelt for fylke(r): Vestland