Måndag 4. oktober opna Arefjordvegen for trafikk mellom rundkøyringa ved Grønamyrvegen og rundkøyringa ved Idrettsvegen.

Anleggsarbeidet i Arefjordvegen og Bildøyvegen starta opp i august i fjor, og er ein del av dei førebuande arbeida knytt til nytt Sotrasamband.

Langs Arefjordvegen og Bildøyvegen er nye høgspentkablar lagt i kabelkanal, og vegstrekningen mellom rundkøyring ved Kystbygarasjen/Høgestølen mot Bildøyvegen er utvida i breidda med sykkelfelt i begge retningar. Det er og bygd ny rundkøyring og nytt system for vatn, spillvatn og overvatn.

Langs Arefjordvegen og Bildøyvegen er nye høgspentkablar lagt i kabelkanal, og vegstrekningen mellom rundkøyring ved Kystbygarasjen/Høgestølen mot Bildøyvegen er utvida i breidda med sykkelfelt i begge retningar. Det er og bygd ny rundkøyring og nytt system for vatn, spillvatn og overvatn.
Langs Arefjordvegen og Bildøyvegen er nye høgspentkablar lagt i kabelkanal, og vegstrekningen mellom rundkøyring ved Kystbygarasjen/Høgestølen mot Bildøyvegen er utvida i breidda med sykkelfelt i begge retningar. Det er og bygd ny rundkøyring og nytt system for vatn, spillvatn og overvatn. Foto: Arnhild Fjose

Strekninga frå rundkøyringa ved Kystbygarasjen til Lonavegen ved Uno X opnar i månadsskiftet oktober-november

På denne strekninga står det att å legge fleire asfalt, vegmerking og veglys. Delar av veglyset kjem på plass denne veka, og veglys kjem på plass neste veke.

Arbeida med vatn og avløp er utført på vegne av Øygarden kommune (ØyVAR), og sykkeltiltak og opprusting av veg er utført på vegne av Vestland fylkeskommune.

Nokon fjerna sperringane i Arefjordvegen

I løpet av helga har nokon fjerna sperringane i Arefjordvegen, sjølv om Statens vegvesen ikkje skulle opne vegen før måndag 4. oktober. Byggeleiar i Statens vegvesen Arnhild Fjose seier det ikkje har medført fare, men at det ikkje er greitt at folk sjølv fjernar sperringar.

– Det gjenstod noko mindre arbeid som vi skulle fullføre måndag. Laurdag fekk entreprenøren melding frå Vegtrafikksentralen om at sperringane var fjerna. Dei rykka då ut og stengte vegen igjen. Det har ikkje vore farleg å ferdast på strekninga i helga, men det er ikkje greitt at sperringar vert fjerna av andre enn entreprenøren vår.

Aktuelt for fylke(r): Vestland